mandag 28. juli 2014

LÅRDALSTIGEN – STADER UNDERVEGS.

Lårdalstigen er en tursti som går mellom Eidsborg og Lårdal i Tokke kommune.

 Ein kan gå turen begge vegar, men det er greiast å starte frå SuiRui på toppen av Eidsborgberga. Turen kan ta inntil 9 timar med litt pauser – om du skal utom alle utsiktsplassane. Det vanlegaste er å bruke 6-8 timer.
Hvis du parkerer på Dalen kan du gå opp til SuiRui eller ta en Taxi opp dit og rutebåten fra Lårdal til Dalen.


Det er absolutt å anbefale å gå om Urdalsplassane som ligg utpå kanten høgt over Bandak.
Stien hit er  ubetydeleg lengre enn om du går rett opp til Mærdalstjønni.
URDALEN
Det stadig aukande folketalet frametter 1800-talet skapte rift om jordi og rift om brødet. I dei ville Bandaksfjelli fanst det små, solvende jordlappar som kunne ryddast og dyrkast, slik som her oppe i Urdalen. Her grodde det fram ikkje mindre enn tri husmannsplassar frå 1850-talet og frametter. I 1875 budde det i alt 13 menneskje på dei tri bustadane. Dette året sådde dei tilsaman 3/8 tunne bygg og vel seks tunner jordeple på åkerlappane sine (1 tunne = ca. 145 liter), samstundes som dei fødde tri storfe, elleve sauir og tri geitar. Urdalsplassane vart nedlagde på 1880-talet, men hustufter, murar og rudningsrøysar er framleis den dag i dag klåre vitnemål om folket som fann livberging her.

MÆRDALSTJØNNI
I Eidsborg hev segnene om den mektige Åse Stålekleiv livt på folkemunn frå mellomalderen og fram til i dag. Ho var ei rik og og stolt kvinne, og det er sagt at ho åtte nesten heile bygdi. Her i den vesle tjønnpytten, som vert kalla Mærdalstjønni, skal ho ha sett ned tri ”buhagskjelar” fulle med pengar, ein under kvar av dei tri torvene i tjønni. Ein bughagskjele er ein stor koparkjele, som vart nytta til ysting. Det er òg fortalt at ho heime på garden sin søkkte pengeskrinet sitt ned med trolldom i matvassbekken. Der kunne ein sidan høyre det skrangla i pengar når sledemeien gjekk over skrinet. Mange hev leita etter skattane hennar Åse, men ingen hev enno funne noko!

JUVSTØYL
Juvstøyl var støyl til garden Kleppo i Eidsborg. Her var det full støylsdrift til omkring 1900. Sidan vart støylen nytta som slåtte fram til 1945. Frå Juvstøyl ned bratthenget til ”Hardingplassen” ved Bandak vart det rundt 1954 bygt taugbane og drive fram omlag 1500 kbm. tømmer.

RISEN OG GYGRI
Sett frå Bandak kneisar risen og gygri trassig mot himmelsyni, men gygri manglar hovud... Denne særmerkte fjellformasjonen ved Juvstøyl hev ei segn knytt til seg. På Juvstøyl ligg nokre steinblokkar som folkefantasien hev samanlikna med ei klyv. ”Riseklyvi” hev dei vore kalla. Segni seier at risen og gygri budde her på Juvstøyl. Ein dag risen drog ut i marki etter ei klyv med ymse ”tølur”, skulle gygri vera heime og koke graut. Men då risen kom attende fann han korkje graut eller kokk. Gygri hadde reist utpå Bandaksfjellet for å vitje seg, eller ”sjala seg” som dei gamle sa. Risen vart grylen, sette klyvi frå seg og rekte sporet etter kona si. Han fann henne utpå høgste fluget. Det vart eit slagsmål som tok – ikkje berre hårdraging og klyp, men ein leik som enda med at gygri miste hovudet sitt. Risen kasta det over fjorden til Barskor etter at gygri hadde slite manndomen av risen. Sidan hev dei stade der i stein, og er godt synlege frå Bandak for alle ferdafolk

MØYSKRIV
Møyskrivet eller Møyskrivrenna er ei djup renne med loddrett fjell på båe sider. Utpå dette veldige gjelet ligg ei diger steinhelle tvers over renna. Herfrå kan du sjå rett ned i Bandak, 600 meter nede.
Ei segn fortel at ei dødsdømd jente skulle sleppe straff dersom ho greidde å hoppe over dette gjelet, heilt uppe på toppen. Ho skal ha greidd det, og derav kjem dette namnet, Møyskrivet. Det høyrest utruleg ut, for her kjem berre fjukande over!
Framleis liver soga om ei tømmerdrift innpå heii her i 1904. Dei ville freiste og fire tømmerstokkane ned renna ved hjelp av eit vindespel, for så å sende dei ned fjellet til Bandak. Forsøket gjekk ikkje så bra og enda med at heile innretningi vart rykt overende og forsvann i rasande flog gjenom renna og utover fjellet.

GRASDALEN med "Fuhølet"
Grasdalsheii med støylen Grasdalen høyrde frå gamalt av til garden Ålandslid i Lårdal, men er sidan fråseld. Etter namnet å døme var her frodig beite og gode utslåttur. I nærleiken av støylen låg ei slåtte som vart kalla ”Fuholet”.

KAPTEINSRENNA
Segni fortel at ein kaptein eingong skal ha tekje seg opp fjellet frå Bandak gjenom dette ville og storslegne gjelet.
Heddebu - skogshytta ved Heddedalskotet.
Denne vesle hytta er reist i samband med tømmerdrift i Bandaksfjellet. I tidlegare tider var det her eit tømmerskot der tømmeret vart rennt ut fjellsida, ned til fjorden. Ovanfor Heddedalsskotet, omlag 150 meter frå turvegen ligg den gamle støylen Heddedalan gøymd i skogen.
 
HOLTEPLASSANE
Høgt og fritt over Lårdalsbygdi ligg dei to nedlagde Holteplassane. Her var det fast busetnad gjenom store delar av 1800-talet og på øvre Holte budde det folk fram til 1910. I dag stend det framleis att litt av uthusi her. Nedre Holte vart nedlagt på 1890-talet, og er no heilt tilgrodd med skog, men også her finn ein husmurar og store rudningsrøysar. I tillegg finst det gamle hustufter og merke etter rudning oppå nuten ovom den nedre Holteplassen. Desse husmannsplassane høyrde til Bjålandsgardane nede i bygdi. Vegen til bygdar fylgjer omlag same leid som turvegen i dag. Soga fortel at seinste husmannen på øvre Holte ein gong i eit vågemål bar ei tunne mjøl nedanfrå Trisæt den bratte vegen opp hit. Litt av eit karstak må det ha vore, når ein kjem i hug at det stig omlag 400 høgdemeter på den vel to kilometer lange vegen.
Dette er nokon av plassane du vil kome forbi. Det står oppslagstavler med omlag same teksten som her, men det står også andre opplysningsskilt undervegs.
Du kjem forbi fleire store områder med konglomeratfjell, utiktspunkter og slagfeller for smådyr.
Der stien delar seg - før skogshytta Heddebu er det eit spesielt steinparti med djupe holer.

Vi ønsker deg og  alle ein fin tur!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar